Årets første samling.

Nesten alle deltakere med trenere Gunnar Reiakvam og Yngve Apneseth. Foto:Stian Grimseth

Stian Grimseth
17.01.2017
Nytt år, nye mogelegheiter…skriver sportssjef Stian Grimseth i et referat fra den første treningssamlingen i 2017, som ble arrangert i Naustdal 5 - 8 januar.

Godt nytt år alle saman. Eg har no vert engasjert som sportssjef i 1 ½ mnd, og det kan vere greitt med litt informasjon om status – og vegen vidare. Vi hadde ei samling på Toppidrettsenteret i november, dette vart startskotet for ein prosess som gjekk ut på å få kartlegge potensielle landslags utøvarar samt skissere eit opplegg fram til EM 2017 i Split. På denne samlinga deltok det 13 utøvarar, og i etterkant av denne vart det invitert inn ytterlegare 4 utøvarar på opplegget fram mot EM i Split. 2 utøvarar takka nei til opplegget grunna jobb, og vi står no med 15 utøvarar i landslagsgruppa.

Landslaget: Opplegget vi har beslutta er å legge mange langhelgsamlingar, i staden for færre samlingar over lengre tid. Dette for å sikre kontinuitet i treningsarbeidet, samt få mest mogeleg ut av dei ressursane vi har per i dag. Eg meiner ressursane kan og bør aukast i framtida, men fyrst må vi ha ein plan, gjennomføre denne – og skape resultatutvikling. Då er det i neste omgang lettare å auke rammene. I etterkant av samlinga i Oslo var det EM-J og EM-U23 i Eilat, og som vi hugsar gjorde våre utøvarar det veldig godt der – toppa med  medaljar til Rebekka og Sarah.

2017: Resultatet er eit speilbilete av førebuingane. Som ein konsekvens av dette starta vi opp med samling alt den fyrste helga i januar, denne vart lagt til Naustdal. På denne samlinga var det med 8 utøvarar, og dei som kom la ned ein kjempejobb som eg er trygg vil vise igjen fram mot NM og resten av året. Mange persar i ein viktig grunntreningsperiode, og ikkje minst vart det gode dagar som bygger samhaldet i gruppa sterkare. Neste samling kjem i Tønsberg 25-28 januar, og her stiller 14 av 15 løftarar. Det er veldig gledeleg! Denne samlinga vert 3 veker før NM, so blir det deretter samling i Bergen 2-5 mars og på Toppidrettsenteret 23-26 mars. So kjem EM i Split 2-8 april.

Regionar: I Naustdal hadde vi eit godt samarbeide med regionstrenar og løftarane i regionen, dette ønskjer vi å bygge vidare på inn mot dei andre samlingane. Vi gjennomførte felles treningar, og hadde også nokre felles måltid. Dette meiner eg er til god inspirasjon og nytte for både regionslag og landslag, og ikkje minst får vi spreidd kunnskapen. Dei fleste utøvarane føl vekentleg ut eit evalueringsskjema for veka som har vert, og med mål/arbeidsoppgåver for den neste veka. Meininga med dette er mest av alt at dette skal vere eit verktøy for utøvaren sjølv. Vidare ønskjer eg at dette vert kommunisert til meg, landslagstrenar og trenar, slik at vi kan ha best mogeleg informasjonsflyt og danne grunnlag for gode diskusjonar. På denne måten håpar og trur eg at vi kan få til eit godt samspel mellom klubb/region/landslag, heile tida med fokus på utøvaren i sentrum. Det er viktig at ein har respekt for kvar andre, og at vi tar opp diskusjonar dersom det er ting vi ikkje er einige om. Dette vere seg spørsmål rundt teknikk, treningsprogram, livsstil m.m. Det er ikkje fasit på det vi held på med, men ein del grunnprinsipp kan vi einast om. So er det aller viktigaste at ein gjennom desse diskusjonane kjem fram til ein kurs som alle stiller seg bak og jobbar mot. Dette er eg trygg på er ein av dei viktigaste suksessfaktorane for Norsk vektløfting framover, tru og entusiasme kan flytte fjell!!!

Etter EM: Vegen vidare er ikkje fastsett, men eg meiner at ein bør fortsette dette arbeidet, og både Trondheim og Gjøvik har meldt si interesse for å arrangere samlingar til hausten. Ei samling i august kombinert med Nidelv Cup har vi delvis avtalt, men dette kjem litt an på kva kurs det nye styret set etter Forbundstinget i mars.

Regions mesterskap: Avsluttingsvis vil eg ønskje både arrangørar og utøvarar lukke til på Regions meisterskapane til helga. Vi ser rekordstor deltaking, dette er særs gledeleg med tanke på utvikling av både bredde og topp i vektløftar norge. Bredda er no slik at medaljar i regions meisterskap bør henge høgt, dette håpar eg kan motivere alle deltakarane til å gjere sitt ytterste til å prestere. So må framtida vise kva ein kan og bør gjere opp mot kvalifisering til dei norske meisterskapane, men mest av alt - stort deltakarantall er det ein må kunne kalle ei hyggeleg utfordring.  

Beste helsing
Stian Grimseth

Sportssjef
Norges Vektløftarforbund
Mob. 913 60 531/E-post sg@bthus.no