RM i 5 kamp Nord-Vest VR

​Smilende Håvar Røyset og Ola Bergheim, ildsjeler for vektløfting i Nord Vest VR. Foto:Rolf Øyvind Sæthre Hauge

Arne Grostad
14.06.2018
Mange med framgang og persar under lørdagens stemne.

​Ola Bergheim referer fra RM i Nord Vestllandet vektløfterregion:

Mange med framgang og persar, Robert Andre Moldestad fra Breimsbygda IL og Sandra Trædal Tambarskjelvar IL best.

Ut frå påmelding skulle vi bli fleire på årets RM 5-kamp på Byrkjelo enn dei 16 i fjor. Men ein del fråfall gjorde at vi vart færre, spesielt på seniorsida.Nokre av seniorane frå i fjor deltok på RM i andre regionar i år, pga arbeid og studiar Slik at dei i alle fall fekk teljande resultat i NorgesCupen. Som kjent tel no RM 5-kamp også som NorgesCup runde 2.

(5 frå Tambar deltok på region TVB sitt RM i Larvik. Peter Wilke frå Brodd som vart nr 2 på Byrkjelo i fjor studerer no i Bergen, har tatt overgang til Bjørgvin - og vann likegodt RM Sør-Vest! Gratulerer Peter.

Men gode resultat og mange personlege rekordar på årets deltakarar, 6 frå Breimsbygda, 4 frå Tambarskjelvar og 2 frå Jølster, i fint juniver.

I gutar 13-14 år vart det eit reint Tambar-oppgjer mellom Henrik Reiakvam, Joachim Offmann og eitt år yngre Oliver Digernes. Fin løfting med 150-200 løftepoeng på gutane.

I 5-kampen fekk vi akkurat den spennande avslutninga vi ville ha:  Joachim måtte slå Henrik med ca 40 cm i Liakov som var siste øving.
Full mobilisering av begge enda med at Joachim kasta lengst og vann 5-kampen knepent med 659 poeng mot 648 på Henrik.
Alle tre fin framgang både i 2-kampen (rykk og støt) og 3-kampen (40m, 3-hopp og Liakov) i høve til RM i fjor)

Mathias Dale frå Breimsbygda konkurrerte med Tambar-løftarane i fjor, men var no "rykka opp" i G15-16 år. Der det vart persar i det meste - m.a. 70 i rykk og 88 i støt. Og for første gang over 600 poeng i 5-kampen med 603,39 

RM kolliderte med Sparebankleikane i friidrett der både Mathias og Robert Andre Moldestad "varma opp" med friidrett før innveging og 5-kamp.

RA var "på hugget" i går. Først vann han 100 m på Sparebankleikane. Så ein jamn og god 5-kamp i G17-18 år. Med dagens beste poengsum både i løfting og 5-kamp. I 5-kampen var det også poengpers. Sjølv om berre Liakov var øvingspers.

Han vog inn i lett klasse 69 kg. 6 godkjende løft med 80-85-88 i rykk og 100-105-110 i støt gav 274,73 løfte/Sinclair-poeng og 329,68 5-kamppoeng (løftepoeng x faktor 1,2 = 5-kamppoeng)
6.05 på 40 m i sterk motvind, 8,33 i 3-hopp, og klar pers 14,73 i Liakov gav poengpers 814,31 i 5-kampen.

Bent Andre Midtbø som vart nr 2 i G17-18 år er klassekamerat med RA på idrettslina på Firda vgs. Fersk både i løfting og 5-kamp.Sidan 5-kampsesongen var over då han for første gong i haust deltok på eit løftestemne.

Men Bent Andre vann det vi kalla "prestisjeduellen" under RM. Mot Bjarne Bergheim som vann herrar over 18 år, føre 5-kampdebutant Steffen Sjåstad frå Jølster.

På forrrige 5-kampstemne 31. mai vann Bjarne over Bent med 1,5 poeng. No på RM framfor avsluttane øving Liakov måtte Bent slå Bjarne med 70 cm....

Denne opplysninga førte til stor mobilisering frå begge  
Og konkurransens to lengste kast med 16,55 på Bent og 15,52 på Bjarne.Dermed denne gongen knapp siger til Bent i i "prestisjeduellen" med 744,23 poeng mot 740,04 på Bjarne.

Etter dei to første tvekampane står det 1-1. Samanlagt leiar Bent med knappe 2 poeng.

Her er det duka for mange morosame og gjensidig stimulerande "prestisjeduellar" også resten av sesongen!

5-kampen er fin på den måten at ein får andre duellar med andre vinnarar enn i 2-kampen. Med 5 øvingar er resultatet meir varierande og spenninga større.

På tvers av klassene er det og duka for andre duellar enn dei vanlege. Som Bent-Bjarne duellen ovanfor. Og som vi såg når det galdt dei 4 deltakarane på jente/kvinnesida: På løftedelen var det på kvinnesida jamt mellom Julia Jordanger Loen i J15-16 og Vilde Sårheim og Oda Helene Sunde Svendsene frå Jølster i J17-18.

I rykk vart det 50 kg både på Julia og Vilde og 52 på Oda. I støt 67, 60 og 68.
Dette gav gode Sinclairpoeng som gjer at dei nok vil kome høgt opp Norges Cup-lista junior (RM 5-kamp tel frå 2017 også som Norges Cup runde 2).

Sandra Instefjord Trædal var einaste kvinne over 18 år. Men flott og sikker løfting med 5 gyldige, 66-83 som beste og 212,10 løftepoeng 

Sandre måtte vere litt forsiktig i Liakov pga ein liten skade. Men heldt såvidt unna poengmessig for ungjentene i 5-kampen. Slik at ho fekk beste poengsum på kvinnesida både i løfting og 5-kamp.

I 5-kampen vart det 622,57 poeng på Sandra, 613,09 på Julia, 599,19 på Oda og 508,31 på Vilde.

Som vi kan ane ut desse jamne peongsummane var det mange fine duellar mellom desse jentene i dei enkelte 5-kampøvingane. Og mellom jentene og ein del av gutane.

Det skal vi kome litt nærare tilbake til når vi legg ut bilete og videoar frå dei enkelte øvingane komande veke.

Når det gjeld premiebileta var Sandra reist, så vi valde å henge medaljen hennar om halsen på trenar Håvar Røyset.

Som ei lita markering av at gode trenarar rundt i laga er ein viktig grunn til framgangangen og dei gode resultatat til utøvarane på årets RM 5-kamp her i region Nord-Vestlandet.

Så satsar vi både på fleire deltakarar og meir framgang på årets deltakarar på RM 5-kamp 2019.