Rebekka Tao Jacobsen bronse EM U 23 år

​Rebekka Tao Jacobsen, Larvik AK i aksjon i Bucharesti. Foto: J. Frøyd

Stian Grimseth
20.10.2019
To bronse til Rebekka Tao Jacobsen (Larvik AK)  under EM-U23 i Romania

Rebekka gjennomførte ein strålande konkurranse med 6 godkjende løft, og i rykk avslutta ho med 79 kg som er ny personleg rekord - og som rakk til fjerde plass. I støt fekk Rebekka heile 105 kg i sitt siste løft, dette var norsk og nordisk rekord og gav bronse både i støt og samanlagt. Samanlagt vart dette ny personleg rekord på 184 kg, og her er det meir i vente.
NVF gratulerar Rebekka, trenar Jostein Frøyd - og heile vektløftarnorge. Rebekka skal med dette vere fyrste utøvar med medalje som både junior og U23 i EM, no går vi for senior medalje om nokre år.😃👋💪