Spennende NM i Haugesund i helga.

​NM General 2017, Dag Rønnevik, Tysvær VK. Foto:Tone Lutcherath

Ola Bergheim og Arne Grostad.
15.02.2017
Tysvær VK er tildelt veteran NM fredag 17 og senior-NM lørdag 18 og søndag 19 februar. Mesterskapene avholdes i Scandic Maritim Hall i Haugesund.
Leder i Tysvær Vektløfterklubb, Dag Rønnevik er glad for at et så stort mesterskap er lagt til Haugesund.Han håper et slikt arrangement vil gi vektløfting et oppsving i regionen. Og det gjør det ikke mindre spennende enn at Tysværs VKs egen løfter, 26 år gamle Zekyie Nyland er helt i toppgruppen om å vinne HMK pokal denne gangen.
 
Sammenfattet informasjon fra Ola Bergheim sine presentasjoner i av de forsjkellige puljene ved helgas mesterskap. 
Klasssene 62kg  og 69 kg menn er første pulje Laurdag. Kampen om toppen av sigerspallen synest stå mellom tre 17-åringar (f. 2000). Mellom Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda som vart nr 2 i fjor og også nr 2 i Nordisk ungdom (biletet), Kim Aleksander Kværnø frå Hitra som vart nr 3 i Nordisk og nykommaren Marcus Bratli frå Bjørgvin. Besteresultata til Robert Andre og Kim i fjor var 184 og 180 kg samanlagt. Marcus gjorde 182 kg samanlagt på Vestlandsmeisterskapen, så her ligg alt an til spennnde oppgjer til siste støt!

Klasse 69 kg, i same pulja, er Daniel Strand Roness frå Spydeberg Atletene ein av NM sine største favorittar. Hans potensisale kjenner vi og det skal bli spennende å se om han får ut dette denne gangen. 

Det ser ut til at pulje 2, kvinner klasse 53 kg, kan bli beste kvinnepulja. Heile 6 av 8 har vore på ulike landslag siste par åra!
Favorittar og kongepokal-kandidatar er sjølvsagt dei «historiske» jentene som tok våre første medaljar i EM junior og U23 før jul,
Rebekka Tao Jacobsen frå Larvik og Sarah Hovden Øvsthus frå Bjørgvin.
Sarah best på 2016-statistikken med 170 kg samanlagt framfor Rebekka med 166 og Sandra Trædal frå Tambarskjelvar med 146.

Menn 77 kg er ei stor klasse med 14 deltakarar og utgjer pulje 3 laurdag. I år som i fjor 4 klare medaljefavorittar:
Jantsen Øverås frå Tambarskjelvar som vann i fjor med 265 kg, Eskil Andersen frå Stavanger VK som tok sølvet som ungdomsløftar med 256 kg, deretter Roger B. Myrholt frå Tønsberg og veteranløftaren Ronny Matnisdal frå Vigrestad.

Klasse 58 kg. Heimehåp mot trønderjenter i 58 kg. 9 jenter i klasse 58 kg utgjer pulje 4. I årsstatistikken for 2016 er arrangøren Tysvær VK si eiga Zekiye Nyland best med 173 kg. Deretter Sol Anette Waaler frå Trondheim AK med 161, Kamilla Storstein Grønnestad frå Haugesund VK med 141 og Kristin Solbakken frå Nidelv IL med 138 kg. Dei 3 første har vore på landslaget i fjor. Kamilla på juniorlaget men er senior frå i år.

Klasse 63 kg med heile 15 deltakarar! Pulje 5 laurdag med kvinner 63 kg er den største kvinneklassa med heile 15 deltakarar.
I fylgje årsstatistikken for 2016 er det klare medaljekandidatar. Ine Andersson frå Tambarskjelvar toppar med 188 kg samanlagt, Emma Hald frå Bjørgvin har 171 og Mari Rotmo frå Trondheim AK 160 kg. Dei andre deltakarane i klassa ligg nesten like tett som hagl i området 125-145 kg.

Klasse 85 kg menn er største klasse - må delast. Klasse 85 kg menn er NM si største med heile 25 deltakarar ifylgje dagens oppdaterte startliste. Sidan maksimal puljestorleik er 16, blir det ei pulje på 16 - pulje 6 - som avsluttar laurdagens løfting. 
Og ei pulje med dei antatt beste - pulje 7 - som startar som søndagens første pulje.
Jarleif Amdal frå Tønsberg-Kam. toppar 2016 -rankinga med 295 kg føre Sebastian Farmen frå Larvik med 286 og
Tomas Fjeldberg frå Spydeberg Atletene med 271 kg. Tomas har auke til 274 kg i år og er bronsefavoritt, sjølv om det er andre like bak.

Klasse 69 kg. I kvinner 69 kg - pulje 8 - ligg det an til berre vestlandske medaljevinnarar. I alle fall ut frå årsstatistikken for 2016.
Der er Marit Årdalsbakke frå Tambarskjelvar først med 183 kg, føre Bjørgvin-jentene Janne Skorpen Knudsen og Marianne Hasfjord med 175 og 157,og Anna Tolås Omdal frå Vigrestad med 154 kg. Bak Marit sine 183 kg ligg 84-99, bak Janne sine 175 kg ligg 75-100. Janne støtte nyleg 102 kg, og vi ser at om ho også får rykken opp mot Marit sitt nivå, blir det skikkeleg gullkamp i klassa.

Klasse 94 kg. Er av dei største klassene med 15 deltakarar og utgjer pulje 10. Håvard Grostad frå Nidelv toppar 2016-rankinga med 304 kg og er av dei med realistisk sjanse på EM-kravet på 360 poeng. Tore Gjøringbø frå Tambarskjelvar ligg som klar andremann med 291 kg. For Tore er kravet på 345 poeng til EM U23 i desember det mest aktuelle. Etter Håvard og Tore eit lite sprang ned til Kevin Lund frå Hitra med 272 og Fabian Fosse frå Bjørgvin med 265 kg i spissen for «hovudfeltet» i bronsekamp.

Klasse 105 kg. 8 løftarar i klasse 105 kg utgjer pulje 11. I fylgje startlista går no siste åras kongepokalvinnar Kim Eirik Tollefsen frå Tønsberg-Kam. motsett veg av Sindre Rørstadbotnen gjorde for et par år siden. Frå +105 ned i klasse 105 kg for første gong sidan 2012.
Kim Eirik er nå nede i 105 kg. Sindre toppar 2016-rankinga i klasse 105 kg med 326 kg. Kim Eirik toppar 2016-rankinga i +105 kg med 351 kg. Gjort på 114,3 kg kroppsvekt.

Klassene 75 og 90 kg. Siste kvinnepulja – pulje 9 – er kvinner. Klasse 75 kg ser ut til å bli den jamnaste av alle kvinneklassene, med medaljesjansar for alle :) På rankingsstatistikken 2016 ligg Melissa Schanche frå Spydeberg Atletene først med 175 kg. Med Ingvild Brynjulfsen frå Trondheim AK rett bak med 171. Her blir det nykommaren Melissa i sitt første NM mot meir erfarne Ingvild som tok sølv i fjor. Deretter på 2016-statistikken ei anna TAK-jente, Asta Rønning Fjærli med 160 kg.
Sist på fjorårsstatistikken av dei 6 deltakarane i klassa ligg Stine Mari Hasfjord frå Bjørgvin med 145 kg.
Men ho persa til 157 kg på landsdelsmeisterskapen i januar – medan Asta der hadde 154 kg.
Så dette vert nok ei svært spennande klasse med endra rekkefylgje i høve til 2016-rankinga. Utan så soleklare favorittar som i mange av dei andre klassene. Alle i klassa er med i medaljekampen, i alle fall om bronsen :)
Dei to TAK-jentene i klasse 90 kg, Martine Halvorsen Sønju og Mari Henrikke Pedersen Eide, skal gjere opp seg i mellom om gull og sølv. Martine er favoritt.

Klasse +105 kg. Pulje 12 med 8 kraftkarar i avsluttar NM i Haugesund søndag ettermiddag. 
Med Kim Eirik Tollefsen nede i klasse 105 kg synest det duka for Vebjørn Varlid frå Tambarskjelvar med 341 kg samanlagt i fjor.
Vebjørn deltok på EM 2016 på heimebane, og vil nok satse maksimalt på å klare kravet også i år, framfor berre å safe inn gullmedaljen.

Veteranmesterskapet fredag består av 4 puljer. Den eldste deltakeren er evigunge Bjørn Lie fra Namsos VK, han går i sitt åttiførste år. Ellers er det mangle "gamle" travere å se i deltakerliste. Beste rankering blant disse etter stevnet inkluderer antakelig både Ronny Matnisdal, Vigrestad il og Børge Aadland, Bjørgvin AK. Disse er i dette selskapt unge løftere, så er det opp til den eldre garde å tukte disse.  Det er en dame klasse bestående av 6 løftere. Her tror jeg det er lurt å vente til etter konkurransen med å kåre en vinner.

Uansett lykke til alle løftere, ledere,trenere, arrangør og de som ellers gleder seg med en skikkelig vektløfterhelg i Haugesund !