Trener I kurs i Naustdal,del 2.

​Deltakarene prøvde seg på eit stort utval vanlege og uvanleg basisøvingar. Foto:Ola Bergheim

Ola Bergheim
06.02.2017
​Det var 8 deltakarar med på del 2 - Generell del - av trenar 1-kurset i vektløfting i Naustdal helga, 10 - 12 februar. Aldersspenn frå 16 år og oppover i veteranklassa.
Jørn Helgheim, Ove Varlid, Odd Gunnar Røyseth ,Daniel Holstad (Tambarskjelvar),
Ole-Kristoffer Sørland, Vilde Sårheim, Leiv Arne Støyva Sårheim, (Breimsbygda), 
Eval Sandvik (Jølster)


 Kursleiar Ola Bergheim (Breimsbygda).


Det blei et velllukka kurs. I alle fall i tydinga støl muskulatur i dag på vanlege og uvanlege stader. Etter at deltakarane i går prøvde seg på eit stort utval vanlege og uvanleg basisøvingar, delvis sjølkomponerte, i den praktiske delen mellom teoriøktene.

Deltakarane var også svært aktive med diskusjon og erfaringsutveksling i tilknytning til teoridelane av kurset. Om trenarrollen, idrettspsykologi og mental trening, treningsprinsipp, basistrening og sosial trening.
Og skreiv i evalueringsskjemaet at kursforventningane vart oppfylte.

Trenar 1-kurset blir avslutta med del 3 - Vektløftarspesifikk del - i Naustdal helga 18-19 mars. 
Så ventar ein praksisdel i eige lag før deltakarane kan henge trenar 1-diplomet på veggen.
For nokre går vegen då vonaleg vidare til trenar 2 og trenar 3-kurs.